Medlemskontingent 2015

Postet av Tyristubben IF den 8. Apr 2015

Medlemskontingenten for 2015 blir sendt ut denne veka. Årsmøtet vedtok i år å ikkje forandre prisane for medlemsskap. Det vil seie at barn til og med 15 år betaler 200 kroner, støttemedlemmer betaler også 200 kroner og øvrige betaler 300. Familiemedlemsskap kostar 600 kroner.

Medlemsregisteret til klubben er ikkje perferkt, så det kan forekomme feil på fakturaane som er sendt ut. For eksempel kan fakturakontakt for barn vere registrert som medlem og difor få krav om betaling, eller det kan vere registrert meir enn ein fakturakontakt i ein familie. I tillegg kan personar som ikkje er medlem fortsatt stå i registeret.

Skulle du oppdage ein feil ved fakturaen, så send ein e-post til iftyristubben@gmail.com, så ordnar vi ein ny faktura og får oppdatert registeret vårt.




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline